Campingområdet

Gjennom fleire generasjonar har me utvikla campingområdet til slik det framstår i dag. Me ynskjer å ta vare på det historiske på plassen men likevel utvikla den slik at den tilfredstiller dagens ferierande. Det er god plass til både telt/bobilar og campingvogner hjå oss, det er ikkje behov for å reservere plass.

Uuder kan du sjå ein liten video frå deler av området.

Utsikt frå brygga på området

Utsikt frå brygga på området

Campingplassen

Me har plassen som ligg tett på Sognefjorden. Me har badestrand, brygge og båtar til utleige direkte på området. I tillegg har me eit fantastisk steinovn bakeri som kun ligg 400 meter frå campingplassen. Telt eller campingvogner har oppstillingsplassar heilt nede i strandkanten om du ynskjer det.

Rosehagen vår

Rosehagen vår

Rosehagen

Blomster og roser har alltid vore min far sin store lidenskap. Han stelte blomstrane og rosetrea på området heilt fram til han døde våren 2018. For meg er det viktig å føra tradisjonen vidare. (Rosehagen vår er ein liten hage med roser bord og stolar til gjestene våre) Ellers har me eit rikhaldig utval av av blomster på heile området.

Utsikt innover fjorden

Utsikt innover fjorden

Lusterfjorden

Lusterfjorden er vel kanskje den vakraste av alle armane til Sognefjorden. Her kan du finne fleire idylliske bygder langs fjorden. Likar du å gå fjellturar så er det også fantastiske moglegheitar for det i nærområdet. Ta med deg fotoapparatet og nyt storslått natur langs Lusterfjorden.

Dalsøren Camping Luster Sognefjorden